| ”Managment for hire” til Reisemål Stryn & Nordfjord |
| Senior bedriftsrådgjevar Synnøve Aabrekk er frå 1.10.2010 til 31.12.2011 innleigd som dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord i ca. 20 % stilling i permisjonstida til Jens Christian Skrede. Segel sitt tenestetilbod ”Management for hire” fungerer godt i tilfeller der ein er på jakt etter erfaring og spisskompetanse i eit kortare tidsrom. Reisemål Stryn & Nordfjord er destinasjonsselskapet for for kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Selskapet sitt formål er å marknadsføre regionen som reisemål og å fremje sal av produkt og tenester til Reisemål Stryn & Nordfjord sine medlemsbedrifter og kommunar. |