Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy

Representert i:
Szczecin Polen
Ålesund

Opplevelse
”Managment for hire” til Reisemål Stryn & Nordfjord
Senior bedriftsrådgjevar Synnøve Aabrekk er frå 1.10.2010 til 31.12.2011 innleigd som dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord i ca. 20 % stilling i permisjonstida til Jens Christian Skrede. Segel sitt tenestetilbod ”Management for hire” fungerer godt i tilfeller der ein er på jakt etter erfaring og spisskompetanse i eit kortare tidsrom. Reisemål Stryn & Nordfjord er  destinasjonsselskapet for for kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje. Selskapet sitt formål er å marknadsføre regionen som reisemål og å fremje sal av produkt og tenester til Reisemål Stryn & Nordfjord sine medlemsbedrifter og kommunar.
 
VAKN - Forprosjektet er fullført – etablering av piloten er i gang.

VAKN – Vårt akademi for kultur og næring går nå over i hovudprosjektfasen frå ein vellukka forprosjektfase.  Målsettinga med forprosjektet var å definere innhaldet i VAKN, - kva forretningsområde og temaområde VAKN skal ha, korleis akademiet skal organiserast samt få på plass finansiering av VAKN piloten/hovedprosjektet.

I desember 2010 vart det klart at Sogn og Fjordane Fylkeskommune, i tillegg til Eid kommune og Kommunal og Regionaldepartementet  vart med å finansiere piloten som no blir organisert som eit sjølvstendig AS.  Det er med stor glede at prosjektleiar for forprosjektet Synnøve Aabrekk, Segel AS, no gir over stafettpinnen til den nye daglege leiaren i VAKN, Magni Flyum som tiltrer den nye stillinga 1. april 2011.